"Avgrunnens Port"

Dikt av Maj Volden

Me la oss i varme senger
og vakna då morgonen rann
Eit barn i den andre verda
var kald utan ly og vann

Den vaksne som skulle verne
finn ikkje trøyst nokon stad 
Ho står der med tomme hender 
og trur aldri meir ho vert glad

Det går ei skrik gjennom verda
i avmakt, vantru og sorg 
Den som bur ved avgrunnens port
har livet og gleda på borg